Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Bilde frå Minnesota Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 13. mai 2008 20:41

Bilde frå Minnesota

Er det nokon som kjenner att denne familien? Biletet er teke i eit fotostudio i USA, i Minnesota i Midtvesten, og viser ein barnerik familile. Er dette nokre som har vandra ut frå Sykkylven? Det var Halvard Langeland som gav biletet til sogenemnda. Korkje han eller far hans, Per Langeland, kunne identifisere personane. Kan du?

Innsendt av Eldar Høidal 



Bokmerk og del på:
Kommentarar
Legg til
P A Aursnes (83.243.179.xxx) 22-05-2008 16:57:30

Kan dette bildet vere Ole Johan Strømmegjerde sin son Oluf med familie som er omtalt i ”Utvandrane frå Sykkylven” side 239.
(Dette er eit klipp frå boka.)
855. Strømmegjerde, Ole Johan Olsen (Gylet)
f. 31/8 1829. (Sjå kapitlet: Frå nybyggjarliv i «grenseland».). Då Ole Johan døydde, tok sonen Oluf over farmen i Kansas, medan sonen Pete fekk huset i byen. Pete døydde ugift 24/3 1947. Oluf vart gift i 1883 med Josephine Peterson, som kom frå Sverike i 1880. Deira born er: 1. Joseph. 2. Pearl. 3. Alma. 4. Edna. 5. Ernest. 6. Clarence. 7. Alfred. 8. Myrtle. 9. Mabel. Joseph døydde som barn, dei andre lever. Pearl, Alma og Ernest er ugifte. Edna er g. m. Ejner Larsen og har 3 born og 6 barne- born. Clarence er g. m. Louise De Noyer, ingen born. Alfred er og gift, men barnlaus og bur i Long Beach, Calif. Myrtle er g. m. Homer Cardwell og har ei dotter og 4 barneborn. Mabel er enkje med to born. —
Oluf Strom døydde i 1939. Som ein ser vil Strom-namnet i Kansas gå ut med nolevande (tredje) generasjon.
Neppe Oluf Strom med familie..
Dag Alvestad (171.23.128.xxx) 23-09-2012 01:04:58

Eg har gått i gjennom folketellingane i USA både nasjonalt og for delstaten Kansas pluss ein del anna. Oluf og Josephine fekk desse barna ( skrivemåte kan variere noko frå telling til telling ):
1. Joseph, født ca 1883-84. Død før 1895.
2. Pearl, 1885 - 1963
3. Alma, født 1887
4. Edna, 1890 - 1977
5. Ernest, 1892 - 1975
6. Clarence gut ), 1894 - 1981
7. Alfred, 1898 - 1959
8. Myrtle, 1901 - 1989
9. Mabel, 1904 - 1981

På biletet er der fire gutar og to jenter, og av dei sistnemde er den eine berre babyen. Dermed blir det ein gut for mykje til at det kan stemme med Strom-familia. Alderskilnadane ser heller ikkje ut til å stemme. Vel kan det tenkast at barna på biletet er frå nr. 4 - 8, og at babyen på fanget er Myrtle født i 1901. For at den likninga skal gå opp må det først vere slik at barn 1 - 3 ikkje er med på biletet, og for Joseph sin del naturlegvis fordi han var død. I tillegg må Josephine og Oluf ha fått ein gut til mellom 1895-97, men ein slik finnast ikkje i US Census for 1900. Og igjen: alderskilnadane ser feil ut, og skulle babyen på fanget vere ein gut stemmer det enno mindre.
Min konklusjon er derfor at det ikkje er Oluf Strom med familie. Dessutan er det langt mellom Minnesota og Kansas...
Tilleggskommentar
Dag Alvestad (171.23.128.xxx) 23-09-2012 01:19:42

Eg ser det er opplyst at bildet er tatt i eit fotostudio i Minnesota. Då er kanskje namn på fotograf og by påtrykt enten bildet eller passpartout. I sofall kan det gå ut å finne ut kven det er hvis ein eller fleire av personane er frå Sykkylven. Slike bilder blei ofte sendt til nokon i nær familie i Noreg, so hvis ein har ei formodning om kven mottakaren, person/gard o.l, kan ha vore, er det enno større sjanse for oppklaring.
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert onsdag 14. mai 2008 16:17
 
Du er her  : Velkommen

Siste kommentarar: