|
Skrive av Eldar Høidal
|
|
tysdag 25. mars 2008 15:43 |
|
Sykkylven sogenemnd skal arbeide for å skape interesse for lokalhistoria og for å formidle kunnskap om korleis lokalsamfunnet har utvikla seg. Sogenemnda ønskjer å få folk flest i Sykkylven til å fortelje sine historier. Difor er bøker med livsminne frå unge og eldre sykkylvingar eit sentralt satsingsområde. Historisk arbeid er ikkje berre tilbakeskodande. Ved å skape kunnskap om korleis lokalsamfunnet har blitt forma, meiner vi at vi også bidreg til skape engasjement for samfunnsutviklinga framover. Vi vil vise at samfunnet er forma av menneska sine val, og vala vi gjer i dag avgjer korleis lokalsamfunnet skal bli i morgon. For å kunne handle framtidsretta i notida, må ein kjenne fortida.
|
|
Sist oppdatert torsdag 17. april 2008 19:07 |