| Historikk |
|
|
| Skrive av Eldar Høidal |
| tysdag 25. mars 2008 15:36 |
|
Det var i 1917 at Sykkylven heradsstyre valde den første sogenemnda i kommunen. Føremålet til nemnda var å gje ut bygdebøker for Sykkylven. Det første dei valde medlemene tok fatt i var innsamling av kjelder med tanke på utgjeving av ei bok om Sykkylven i eldre tider. I perioden 1918 - 1938 var det knapt aktivitet i nemnda, men i 1939 vart det sett fart i arbeidet med å samle meir kjeldetilfang. Det vart mellom anna teke avskrift av kyrkjebøker, tingbøker, skiftebøker, manntal mv. I 1947 fekk Ola Tandstad oppgåva med å skrive ei bygdebok. Resultatet vart Sykkylven i eldre tid, som kom ut i 1962.
Sykkylven i eldre tid var likevel ikkje sogenemnda sin første publikasjon. I 1957 ga ein ut Utvandrarane frå Sykkylven av Martin Gjevenes. Boka var eit pionerarbeid i sin sjanger og held høgt fagleg nivå. I åra som følgde vart merksemda retta mot utgjeving av gardssoger. I løpet av ein femtenårsperiode fram til 1981-82 var det utarbeidd fire gardssoger som tok for seg alle gards- og bruksnummera i kommunen. Forfattarar av desse bøkene var Gustav Weiberg-Aurdal og Martin Gjevenes. Sverre Andestad la ned eit storarbeid for å oppdatere og fylle ut opplysningane i gardssogene bd 1 og 2. I 1996 kom han ut med boka Nye slekter. I 2003 gav sogenemnda ut gardssogene og tillegga i 2 CD-ar. Det har vist seg å vere svært nyttig, for dei trykte versjonane av gardssogene er på det næraste utselde. Sidan 1992 har sogenemnda kvart år gjeve ut Årbok for Sykkylven. Gjennom denne boka ønskjer vi å byggje bru mellom fortid og notid, ikkje berre ved at vi formidlar historisk stoff til dagens lesarar, men ved også å opne for stoff med høg aktualitet. Vi veit at det som skjer i dag er historie i morgon. Sogenemnda er difor oppteken av samtidsdokumentasjonen. Sogenemnda ser også langt tilbake og har ivra for at dei arkeologiske funna på Auremarka vert nytta til formidling for fastbuande og tilreisande.
|
| Sist oppdatert torsdag 17. april 2008 19:07 |
| No events |