Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Bunadsdamer Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 13. mai 2008 20:24

Bunadsdamer

Dette bilde må, vere teke ved ei spesiell anledning. Den bunadskledde dama nr 2 frå, venstre er Klara Grebstad, gift Aursnes. Dama til høgre i bildet er Josefine (Jossa) Fauske, gift Lillevik. Er det nokon som kjenner dei andre?

Innsendt av Per Arne Aursnes



Bokmerk og del på:
Kommentarar
Legg til
Bunad?
Arild Bergstrøm (81.26.34.xxx) 04-02-2010 22:32:10

Kva bunad er dette? Dei fire som har like, har lause liv og skjørt. Ho i midten har på seg ei drakt som er til forveksling lik ei drakt som bestemor mi hadde på eit bilete. Ho sa det var ei folkedrakt laga til Verdensutstillinga i Bergen rett før 1900
Opplysningar om broderte drakter på 1800-talet.
Anne Kristin Moe (213.184.218.xxx) 26-11-2010 20:19:09

Mitt namn er Anne Kristin Moe, og eg er dagleg leiar i Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Vi hadde registrering av gamalt draktmateriale i Sykkylven i haust, og eg held no på med ein artikkel til Norsk folkemuseums årbok, "For by og bygd". Eg tek utgangspunkt i eit rosesauma forkle i museet si samling som folkelivsgranskaren Eilert Sundt kjøpte av Ane Ingebriktsdotter Brudevold. I den forbindelse skulle eg gjerne hatt opplysningar om henne om de har, og om de veit om andre som broderte drakter på 1800-talet? Eg er også interessert i bilete som visar borderte draktdelar på 1800-talet. Eg har kun funne eit, og det er Marcus Selmer sitt fotografi av eit bryllaup i 1862. Eg håpar de har høve til å hjelpe meg. De vil sjølvsagt få nokre eksemplar av publikasjonen.
Anne Ingebrigtsdatter
Ove Ramstad (213.184.218.xxx) 19-12-2010 18:33:15

Ser at du etterlyser Anne Ingebrigtsdatter. Her er det eg ser om henne:

Jogarden, Brudevoll: [”Sykkylvsslekter ” av Sverre Andestad s. 102 ]

Ingebrigt Olsen Brunstad f 1801 <32.69d. G Johanne Petrine Knutsd <18a.
a. Johanne Olave f 1833 >7.44.
b. Anne Caroline f 1835 >32.71.
c. Knut Severin f 1840.
d. Petrine >27.24a.

Vi finn Anne på nytt her: [Sykylven,Gardssoga 2, s 672 )

Jørngarden, Brunstad:
Ole Andreas Jørgensen Brunstad g. 1861 m. Anne Ingebrigtsdtr. Brudevoll frå Jogarden (f. 1835, d. 1910).
Br. 1868—1897.
Born:
Karl (f. 1858, d. 1922). Han voks opp hjå besteforeldra på Brudevoll. Var døvstum. Lærde seg til skreddar.
Jensine f. 1862, d. ca. 1930.
Peter f. 1864, g. på bruket.
Johan f. 1868. Sjå Nygard, Brunstad bnr. 15.
Karen Marie f. 1871 g. Kartum, Trondheim.
Ingeborg Anna f. 1875. Busett i Trondheim

Ove Ramstad
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert onsdag 14. mai 2008 16:14
 
Du er her  : Velkommen Innkomne bilde Bunadsdamer

Siste kommentarar: