| Referat fra møte i Sykkylven sogenemnd på Straumen Kro 12.12.07. |
|
|
| Skrive av Eldar Høidal |
| søndag 30. mars 2008 18:41 |
|
Til stades: Pernille Ystenes, Tor Willy Strømme, Stein Arne Fauske, Eldar Høidal.
Kommunestyret har valt Eldar Høidal til leiar i nemnda og Pernille Ystenes til nestleiar. Stein Arne F. tok på seg oppgåva som skrivar.
Stein Arne F. orienterte om prosjekt som nemnda har arbeidd med dei siste to åra. Det er kjøpt inn ein skannar som er plassert på Sykkylven bibliotek, ved sida av datamaskina som sogenemnda eig. Skannaren kan nyttast av personar og organisasjonar som har brukt for han.
Det var semje om at ein skal prøve å lande dei prosjekta som sogenemnda har sett i gong før ein tek til på nye prosjekt. Det var også semje om at det ikkje har stor hensikt å ruge på fondsmidlane til nemnda, men at ein heller må søkje å få til gode prosjekt som kan ha lang levetid og som kan kome kommunen generelt og det lokalhistoriske miljøet spesielt til nytte. Dei prosjekta som vi bør ta fatt i er:
Slekts- og gardsopplysningane til bd. 4 er i stor mon samla inn. Det står att ein del systematiserings- og redigeringsarbeid. Tidsbruk ca 1 mnd.
Kommunestyret har valt ei prosjektgruppe som dei siste to åra har arbeidd med mandatet å få fram ei tilråding om korleis ei synleggjering av dei arkeologiske funna på Auremarka skal realiserast. Gruppa skal både sjå på gjennomføring av ein eller fleire rekonstruksjonar, andre formidlingstiltak, organisering av formidlingstiltaka og finansiering av etablering og evt. drift av prosjektet. Leonhard Vårdal er leiar i prosjektgruppa som har konsentrert seg mykje om å få realisert ein animasjon kring ein tenkt rekonstruksjon. Filmen vil koste ca 30 000 kr, ein sum Auremarkaprosjektet vil betale av eigne fondsmidlar. Auremarkaprosjektet har i tillegg ca 100 000 kr på bok. Leon har i telefonsamtale med leiaren sagt at filmen er venta i løpet av jaunar. I løpet av februar 2008 vil gruppa ha ferdig ein rapport. Den vil så bli lagt fram for sogenemnda som får uttale seg om han, før han vert sendt vidare til politisk handsaming.
For nokre år tilbake vart det teke eit initiativ for å få samla inn minne frå personar som har flytta til Sykkylven, med tanke på å få gitt ut disse minna i bokform. Dette var tenkt som ei oppfølgjing av barndomsminneboka Senti Over. Det har skjedd lite med dette prosjektet etter at det vart levert over til ei gruppe under Sykkylven Historielag. Sogenemnda tek no prosjektet tilbake og satsar på å få ut boka i funksjonsperioden til denne nemnda. Det vart foreslått ei slik prosjektgruppe for innflyttarboka: Pernille Ystenes, Rolf Haxthow, Astrid Falkum, Johs Langeland, Manuell Navarro og Eldar Høidal. Eldar kallar inn til det første møtet i januar.
Eldar informerte om arbeidet som no skal startast opp i kommunen med å gje namn til vegar i Sykkylven. Det er klart at Sykkylven Sogenemnd bør ha ei rolle å spele i dette arbeidet. Vi reknar med å verte kopla tidleg inn som faginnstans når dette prosjektet kjem i gang på rett. Eldar Tandstad hadde laga til ein prototype på ein samleboks for Årbøkene. Pris pr boks ville bli 50 kr. Nemnda meinte at det var lite interessant å engasjere seg i slik boksproduksjon. Nemnda tilrår i staden Eldart å køyre dette prosjektet i eigen regi. Eldar Høidal Bokmerk og del på: |
| Sist oppdatert tysdag 29. april 2008 18:20 |
| No events |