| Referat frå kombinert julemiddag/møte i Sykkylven sogenemnd på Straumen Kro 15.12.2010. |
|
|
| Skrive av Eldar Høidal |
| fredag 17. desember 2010 21:16 |
|
Til stades; Edel Pernille Ystenes, Heidi Heggem, Thor Willy Strømme, Stein Arne Fauske og Eldar Høidal frå sogenemnda. I tillegg møtte Johannes Langeland, Kjetil Tandstad og Eldar Tandstad frå ”hjelpekorpset”. Parrallelt med inntak av lasagne, god drikke og eplekake, handsama vi desse sakene:
Vi har funne eit prisleie for boka, kr 100, som kan vere høveleg å halde ei tid til. Tilbakemeldingane på innhaldet i boka er gode. Kjetil T. fortener stor honnør for ihuga innsats som redigent. Det same gjeld Eldar T. som har ansvaret for layouten som synest å ha funne si form. Kjetil melder at han alt har fem artiklar klare for den neste årboka. Det kom fram forslag til nye årbok-artiklar:
Sogenemnda meiner at årbøkene kan leggast ut på nettet eitt år etter at dei kom ut. Eldar T. syter for at Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa får tilgang til årgangane 2006 til 2009.
Det har vore jamt sal av innflyttarboka etter at ho kom. Også her har tilbakemeldingane vore gode. Opplaget er 800 eks. og det synest å vere rikeleg. Om ei tid kan vi vurdere å gje ut ei ny innflyttarbok, kanskje med vekt på innflyttarar frå andre land. 3. Status for andre prosjekt. Gardssogeoppdatering. Vi har arbeidd ei tid for å prøve å kome vidare med oppdateringsarbeidet for gardssogene bd 3 og 4. Heller ikkje her har vi kome så mykje vidare. Vi innser at det må tilsetjast ein person som kan arbeide målretta og systematisk med dette over ei viss tid. Dette krev finansieringsbistand frå Sykkylven kommune. Sogenemnda har ein del fondsmidlar på bok, men det er i nemnda ikkje interesse for å bruke ein stor del av desse til oppdateringa av eit par av gardssogene. Vi let den nye nemnda som trer i funksjon neste haust ta denne ballen vidare.
Vi hadde ei idemyldring for å få fram idear til nye bokprosjekt for sogenemnda.
Ove Ramstad har vore behjelpeleg med å få samla all digital informasjon sogenemnda rår over på ein ekstern lagringsdisk. Her har vi både scanna bøker, bilete og diverse anna skriftleg materiale. Eldar H. tek vare på backupen og prøver å halde han oppdatert.
Sogenemnda ønskjer å skaffe seg reolar til lageret vårt slik at det vert lettare å halde oversikt over eigedelane til nemnda. Asbjørn Hovland i kommunen skal undersøkje om det finst reolar vi kan nytte i det kommunale systemet. Asbjørn skulle også sjekke om det er mogeleg å stenge av vatnrislingsanlegget i lagerrommet.
Vi tok ein gjennomgang av prislista og avrunda utsalsprisane på to bøker; Signa julehøgtid til alle gode sogenemndmedlemer og støttespelarar! Eldar H. Bokmerk og del på: |
| Sist oppdatert fredag 17. desember 2010 21:19 |
| No events |