Referat frå kombinert julemiddag/møte i Sykkylven sogenemnd på Straumen Kro 15.12.2010. Skriv ut
Skrive av Eldar Høidal   
fredag 17. desember 2010 22:16

Til stades; Edel Pernille Ystenes, Heidi Heggem, Thor Willy Strømme, Stein Arne Fauske og Eldar Høidal frå sogenemnda. I tillegg møtte Johannes Langeland, Kjetil Tandstad og Eldar Tandstad frå ”hjelpekorpset”.

Parrallelt med inntak av lasagne, god drikke og eplekake, handsama vi desse sakene:

  1. Evaluering av Årbok for Sykkylven 2010.

Vi har funne eit prisleie for boka, kr 100, som kan vere høveleg å halde ei tid til.
Opplaget på 1350 var i år noko lågt. Neste år tek vi det opp til 1500 eks., slik at bokhandelen heile tida kan ha bøker å selje.

Tilbakemeldingane på innhaldet i boka er gode. Kjetil T. fortener stor honnør for ihuga innsats som redigent. Det same gjeld Eldar T. som har ansvaret for layouten som synest å ha funne si form.

Kjetil melder at han alt har fem artiklar klare for den neste årboka. Det kom fram forslag til nye årbok-artiklar:

  • Sykkylven Gjensidige Branntrygdelag 125 år.
  • Tusvik Møbelfabrikk/Cylindra 100 år.
  • Folketeljinga for 1910.
  • Utskiftingskarta ca 1850 – 1920. (Stein Arne)
  • Legitimasjonskorta utferda i 1941. Funne att i seks kartotekbokser i Statsarkivet i Trondheim.
  • Skyttarlaget i Hundeidvik. (Jostein Kursetgjerde)
  • Artiklar frå Sykkylven i nyare tid av Ola Tandstad.

Sogenemnda meiner at årbøkene kan leggast ut på nettet eitt år etter at dei kom ut. Eldar T. syter for at Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa får tilgang til årgangane 2006 til 2009.

  1. Innflyttarboka

Det har vore jamt sal av innflyttarboka etter at ho kom. Også her har tilbakemeldingane vore gode. Opplaget er 800 eks. og det synest å vere rikeleg.

Om ei tid kan vi vurdere å gje ut ei ny innflyttarbok, kanskje med vekt på innflyttarar frå andre land.

3. Status for andre prosjekt.
Auremarkaprosjektet. Vi hadde ein ambisjon om at vi skulle vere ferdig med planarbeidet for eit formidlingsprosjekt for Auremarka i løpet av funksjonsperioden vår på fire år. Det har dei siste åra vore mininalt med framdrift for Auremarkagruppa som Leonard Vårdal leier. Sogenemnda er uviss på vegen vidare her. Ein kan visst ikkje gjere anna enn å vente på ei purring frå dei som har tinga utgreiinga, Sykkylven kommunestyre.

Gardssogeoppdatering. Vi har arbeidd ei tid for å prøve å kome vidare med oppdateringsarbeidet for gardssogene bd 3 og 4. Heller ikkje her har vi kome så mykje vidare. Vi innser at det må tilsetjast ein person som kan arbeide målretta og systematisk med dette over ei viss tid. Dette krev finansieringsbistand frå Sykkylven kommune. Sogenemnda har ein del fondsmidlar på bok, men det er i nemnda ikkje interesse for å bruke ein stor del av desse til oppdateringa av eit par av gardssogene. Vi let den nye nemnda som trer i funksjon neste haust ta denne ballen vidare.

  1. Nye (bok)prosjekt

Vi hadde ei idemyldring for å få fram idear til nye bokprosjekt for sogenemnda.

  • Amerikabreva. Sunnmøre Historielag emner på eit prosjekt for å kartlegge kva som finst av amerikabrev på Sunnmøre.  Kanskje Sykkylven sogenemnd kan ta eit underprosjekt med brev frå Sykkylven til Amerika, og andre vegen.
  • Grendevandringar. Frå ca 1996 og nokre år framover gjennomførte Skapande Nettverk/Norsk Møbelfaglig Senter vandringar i dei fleste grendelaga i kommunen. Det var då nemnt at det måtte vere eit mål å få samla stoff frå desse vandringane i bokform. Alle er tekne opp på band, og banda finst i arkivet til NMFS/Eldar H.
  • Innsamling av gamle filmar/lydopptak frå Sykkylven. Kan kanskje resultere i ein Sykkylvsfilm?

 

  1. Backup

Ove Ramstad har vore behjelpeleg med å få samla all digital informasjon sogenemnda rår over på ein ekstern lagringsdisk. Her har vi både scanna bøker, bilete og diverse anna skriftleg materiale. Eldar H. tek vare på backupen og prøver å halde han oppdatert.

  1. Lageret på BUAS

Sogenemnda ønskjer å skaffe seg reolar til lageret vårt slik at det vert lettare å halde oversikt over eigedelane til nemnda. Asbjørn Hovland i kommunen skal undersøkje om det finst reolar vi kan nytte i det kommunale systemet. Asbjørn skulle også sjekke om det er mogeleg å stenge av vatnrislingsanlegget i lagerrommet.

  1. Nye prisar på sogenemnda sine bøker

Vi tok ein gjennomgang av prislista og avrunda utsalsprisane på to bøker;
Senti over, frå 298 til 300
Fortel meir då besta, frå 149 til 150 kr.
Motivasjon: Vi ønskjer ikkje å operere med lureprisarJ

Signa julehøgtid til alle gode sogenemndmedlemer og støttespelarar!

Eldar H.
Ref.



Bokmerk og del på:
Sist oppdatert fredag 17. desember 2010 22:19