Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Om sogenemnda Skriv ut E-post
Skrive av Eldar Høidal   
onsdag 16. april 2008 18:35

Sykkylven sogenemnd er ei kommunal nemnd med fem medlemer valde av kommunestyret. Nemnda er ansvarleg for utgjeving av kommunen sine gards- og bygdesoger og gjev elles ut andre lokalhistoriske bøker. Kvart år sidan 1992 har nemnda gjeve ut Årbok for Sykkylven.

Sykkylven sogenemnd heitte tidlegare Sykkylven bygdesoge- og museumsnemnd. Dei siste åra er det arbeid med diverse skriftlege publikasjonar som har stått i fokus. Vi har også interessert oss for den rike biletskatten som finst i private heimar her i kommunen. For nokre år sidan skjedde det eit innsamlingsarbeid som Jon Hole tok initiativet til. Dette vart gjennomført i eit samarbeid med Sykkylven Slektsforum, FylkesFOTOarkivet og kulturkontoret i Sykkylven kommune. Desse bileta er no lagra og til sals i FylkesFOTOarkivet.

Sykkylven sogenemnd ønskjer å skape interesse for dei lange linjene i lokalhistoria. Difor har nemnda gjennom fleire år vore ein pådrivar for å få synleggjort dei forhistoriske funna på Auremarka ved kommunesenteret. Her har det kome opp informasjonstavler som informerer om meir ein 4000 års samanhenga busetnadssoge på Aure. Det vert no arbeidd for å lage ein rekonstruksjon av eitt eller fleire av husa det er funne spor etter på Auremarka.

Det siste prosjektet sogenemnda har teke initiativet til er ei minnebok for dei som har kome flyttande til Sykkylven. For nokre år sidan gav vi ut barndomsminneboka Senti over. No følgjer vi altså opp med ei bok med innflyttarminne. Boka kjem ut i løpet av 2009.

 

Sist oppdatert tysdag 22. april 2008 17:58
 
Du er her  : Velkommen Om Sykkylven sogenemnd

Siste kommentarar: