Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Serie 2
FAKf-0535.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 14:45
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU3, menn, kvinne, utvandrar, fiskar,Fiske,

Kommune: Sykkylven Datering: 1940-1940
Distrikt: Sykkylven Format: 6.5 x9.0 cm
Adresse:  Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Ukjend
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Biletet her er frå Canada, det er Iver Hjelle (f.1900) på Hjellane. Iver utvandra til USA i 1924, han var fiskar. Her saman med sin svoger. Frå venstre ser vi Ivers kone Isabel, som er av norsk slekt. Ludvik Akslen frå Emblem, gift med Ivers søster, Karen Marie f. Hjelle, utvandra til USA i 1911. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001.)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 08:59
 
FAKf-0535.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 14:53
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: 17.mai, barn, jenter, flagg, frukhage, dokker,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1948
Distrikt: Ramstad Format: 6.5 x11.0cm
Adresse: Ramstadsjøen Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Ukjend
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Dette er 17. mai i Ramstaddal, i frukthagen til Oskar Løset. Bak ser vi over til Ørskog, til høgre Hesthammaren. Frå venstre Berit Kalvøy (f.1943), Oddvar Løseth (f.1937.), handelsmann i Ramstaddal. Norunn Løseth (f.1940). Begge damene med dokker.(Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:00
 
FAKf-0535.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 14:55
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Bil, mann, tobakkspipe,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1948
Distrikt: Fauske Format: 6.5 x8.5 cm
Adresse: Hjellane Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 5.001 Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Overå, Kåre Oppsynsmann, pensj. f.1926
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
På bildet her ser du Bastian Roald (f.1927). Han var bakar og dreiv kafé. Her har han teke turen på Hjellane og motoren får ettersyn. Tobakkspipa er på plass. Det er sikkert første gong det var bil oppe på Hjellane. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:00
 
FAKf-0535.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 14:59
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: PortrettU2, kvinne, mann.

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1948
Distrikt: Fauske Format: 6.0 x8.5 cm
Adresse: Hjellane Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 5.001 Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

Fotograf: Larsen, Aksel Farm, båtbyggeri, handel
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Her er Olav og Bertha Overå på besøk på Hjellane, Olav (f.1922), Bertha (f.1925). Til venstre er det gamle brynnhuset, til høgre dei store steinhellene som dei fann under jordbryting. Bak på toppen ligg Høgreset. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)
 
FAKf-0535.00005 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:01
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Familie, gruppeU6,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1948
Distrikt: Fauske Format: 6.0 x8.5 cm
Adresse: Hjellane Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 5.001 Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Overå, Kåre Oppsynsmann, pensj. f.1926
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Biletet her er frå Hjellane. Karen og Ole Hjelle har fått besøk i frå USA, av syster til Ole og mannen. Bak frå venstre Karen Hjelle (f.1895), Ole (f.1893), Aksel Larsen USA. Martha Larsen Hjelle (f.1887.) Framme frå venstre Kari Hjelle (f.1942.) Bustad Gøteborg. Borghild Eidem Hjelle (f.1939) på bruket, driv garden. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:01
 
FAKf-0535.00006 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:04
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00006 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Portrett2, mann, kvinne, ektepar, stove,

Kommune: Sykkylven Datering: 1947-1949
Distrikt: Sykkylven Format: 6.5 x8.5 cm
Adresse: Tilstand: Særs bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Ukjend
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Aksel og Martha Larsen sit i stova si i Seatte. Martha er fødd på Hjellane i 1887, Aksel er frå Oslo. Dei dreiv farm like nord for Seattle. I tillegg hadde dei båtbyggeri og handla ein del med hus. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:01
 
FAKf-0535.00007 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:06
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00007 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Bil, sjåfør, oppsynsmann,

Kommune: Sykkylven Datering: 1947-1947
Distrikt: Sykkylven Format: 6.5 x9.0 cm
Adresse: Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Overå, Kåre Oppsynsmann, pensj. f.1926
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Denne stilige bilen var Kåre Overå (f.1926) eigar av ein gong. Her er T-306 på tur på ein ukjend stad. Kåre har vokse opp på Hjellane. Han har vore sjåfør, og i ei årrekke var han vore oppsynsmann i Sykkylven kommune. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:01
 
FAKf-0535.00008 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:09
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00008 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: PortrettU2, søstre, kai, kyrkje, bygningar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1942-1948
Distrikt: Aure Format: 6.0 x8.5 cm
Adresse: Aure Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 14.000 Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Overå, Kåre Oppsynsmann, pensj. f.1926
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Systrene Jakobsen på Aurekaia, dei er frå Bergen. Foreldra bygde hus på Ytre Fauske, Jensbruket i 1947. Dei bor der om sommaren. Det blei kalla Bergenhus, bnr.11. Frå venstre Jeanne Karin (f.1928), Ellinor (f.1929), Asbjørn K. Vik frå Styrkågarden. Til venstre kyrkja, naustrekkje, Lysholhuset, til høgre gamle og nye Dalehuset og Vinje. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001.)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 08:58
 
FAKf-0535.00009 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:11
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00009 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: PortrettU2, kvinner, skitur, påsketur, hytte, vatn,

Kommune: Sykkylven Datering: 1949-1951
Distrikt: Fauske Format: 6.5 x9.0 cm
Adresse: Vass-sætra Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   
Fotograf: Ukjend
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
   
     
Vass-sætra er ein ettertrakta plass for turgåarar. Her er to damer på skitur, frå venstre Kari Værnes, Indre Fauske (f.1935) gift Waltila, Andøya. Jorunn Hjelle (f.1932) gift Lødemel, b. Hjellebrua. Dei står her ved hytta til Ole Hjellgjerde. Bak ser vi eit islagt Vass-sæter-vatn. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 08:58
 
FAKf-0535.00010 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:13
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00010 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU3, kvinner, mann, flygar, uniform,

Kommune: Sykkylven Datering: 1945-1945
Distrikt: Liabygda Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Liabygda Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   

Fotograf: Overå, Kåre Oppsynsmann, pensj. f.1926
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930

   
     
I flygaruniform står Torkjell Overå mellom sine syskenborn, tvillingae Tordis og Gudrun Overå, glad for at dei får sjå han igjen. Torkjell reiste til England 1941, kom til Little Norway i Canada og blei flygar. Han var flygar resten av krigen. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 08:59
 
FAKf-0535.00011 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 15:17
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0535.00011 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Musikkantar, gruppeU11, instrument, fele, trekkspill, gitar, munnspel, dirigent,

Kommune: Sykkylven Datering: 1946-1948
Distrikt: Fauske Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Hjellane Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 5.001 Klausul: Ingen
Reg.: 12.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Eigar: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930
Informant: Andestad, Oddlaug Butikk, husmor, pensj. f.1930

   
     
Hjellane var ein populær stad for både born og unge. Der vart alltid liv og røre. Song og musikk var der mykje av. Nesten alle i familien spela og song. Her er ein glad gjeng. Frå venstre: Arne Værnes, song, Edny Værnes, Bertha Lise Værnes, Borghild Hjelle, Ingrid Hjelle. Severin Hjelle bak på trekkspel. Framme: John Hjelle frå nabogarden ein meister på munnspel, Jorunn Hjelle gitar, Kari Værnes, song, Oddlaug Hjelle dirigent. Framme sit Henrik Bakke, fele. (Lokal registrering: Oddlaug Andestad 27.12.2001.)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 08:56
 


Side 1 av 2
Du er her  : Velkommen Serie 2

Siste kommentarar: