Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Serie 3
FAKf-0538.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:28
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv
MOTIV: Gravferd, gruppeU40, bygning,

Kommune: Sykkylven Datering: 1938-1938
Distrikt: Velledalen Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Holen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 31.003 Klausul:
Reg.: 15.02.2002 MHU

Fotograf: Grebstad, Selmer Sjåfør f.1909
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

Gravferda til Anne Oline Sivertsdotter Hole f. Hjorthol (1863-1938). Hans J. Hole, son til den avlidne, er nesten ferdig med tilbygget til gamlehusa. Næraste slekta til den avlidne står rundt kista. Til venstre: Alvhild, bak henne Jon, til høgre Kjellaug. Desse tre er borneborna til Anne Oline. Bak: Olina Hole, g. med nr. 2, Hans J. Hole, Lars Holen, Anna Hole, g. med nr. 5, Peter J. Hole, Petra Hole, dotter til den avlidne. Garssogn for S, II, s.604-605. Den gongen (og heilt fram til 1950-åra) var det vanleg å ha ei samling i heimen på gravferdsdagen. Slekt og vener møtte fram, og det var vanleg å be (invitere) til gravferda.

Elles var det faste reglar om kven som skulle kome. I tillegg til slekta var det alle på garden, d.v.s. unge og gamle frå alle dei elleve tuna på Hole. Dei fekk alltid mat og kaffi. Presten var ofte til stades og heldt ei andakt, eller ein lokal person var til stades og heldt ein tale over den avdøde. Også andre hadde høve til å seia nokre minneord. Salmesong. I einskilde gravferder blei loket teke av kista slik at dei som ville kunne få sjå den døde, men den skikken var det stort sett slutt med i 1930-åra, det eg kan hugse. Berre i ei gravferd kan eg hugse at dette vart gjort. Kista var kjøyrd med hest og hjulslede til riksvegen, derifrå vart det brukt lastebil til kyrkja på Aure.

Som oftast var det Oskar Hole på Brudevoll som sytte for transporten. Med lastebilen sin (som han miste på Åndalsnes i krigshandlingane i 1940) kjøyrde han turistar og anna ferdafolk, grus og sand, og elles alt som skulle transporterast. Dei som skulle vere med til kyrkja, var som regel karar av næraste slekta, dessutan nokre frå garden, oftast berre mannfolk. Dei måtte finne seg plass på lasteplanet saman med kista. Når det mest berre var mannfolk med, var det vel p.g.a. den noko ubekvemme transporten, men også fordi dei som var med , skulle hjelpe til med å kaste att grava. Av og til kunne det hende at desse fekk mat på kafeèn på Aure. (Bondestova i det gamle sparebankbygget.) (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:04
 
FAKf-0538.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:31
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Bygningar, løe, tun, hus, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1928-1928
Distrikt: Velledalen Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Holen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 31.003 Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Hole, Sivert Skogsarbeidar f.1892
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Gamleløa på Holen var til nedfalls, og i 1928-30 bygde Hans J. Hole den nye løa. Han var van med å arbeide med stein og grus etter mange års arbeid på Rv. 60, Sykkylven-Stranda. Mykje av arbeidet gjorde han sjølv, men hadde og god hjelp av farbroren Edvard Tandstad. Han hadde lang røynsle med stein og maurarbeid, noko han dreiv med heilt opp til høg alder, til han var omkring 80 år. Til reiseverket m.m. fekk han hjelp av ein bygningsmann som heitte Hellebostad. Han var frå Sunnylven. I forgrunnen: gamal material, truleg frå gamleløa. I bakgrunnen
gamlestova med torvtak. Midt i tunet står tuntrea (som no er borte), dessutan ein stolpe for elektrisk kraft. På den provisoriske låvebrua står Hans heilt til venstre, Hellebostad til høgre. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

   
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:04
 
FAKf-0538.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:33
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Fredsfeiring, folkesamling, bygningar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1945-1945
Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Velle Tilstand: Bra
Gnr.: 26.001 Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Drabløs, Lars Hole Kjøpmann f.1919
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Det er fred! Velledalen. 8.mai 1945 på Velle i Velledalen. Freden er eit faktum, og grendefolket på Velle, Dravlaus og Fet har samla seg for å høyre siste nytt på radio. Under krigen var det straffbart å høyre på radio, men likevel var det somme som hadde greidd å gøyme unna eit apparat, slik at dei fekk høyre på nyheitene frå London og Sverige. Her sit folket langs vegen att med Bastiangarden. Der hadde dei radio under heile krigen, men fyrst denne dagen kunne dei ta han fram og lytte utan frykt. Dei hengde høgtalarar ut gjennom stovevinduet slik
at folk kunne høyre. I bakgrunnen sit frå venstre Karl Fet, Nils Johan Drabløs og Fredrik Drabløs. Heilt til venstre Knut Hjorthol (Buda-Knut) med trøsykkel og postsekken på bagasjeberaren. I bakgrunnen tunet i Bøtelgarden. Sjå også neste bilde. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

   
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:05
 
FAKf-0538.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:40
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Fredsfeiring, folk, festklede, bygningar, bensinstasjon, faner, flagg,

Kommune: Sykkylven Datering: 1945-1945
Distrikt: Sykkylven Format: 10.0x15.0cm
Adresse: Aure Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Det er fred! Aure. 8. mai på Aure. Her har folk samla seg att med bensinstasjonen for å høyre siste nytt. På taket av bensinstasjonen har Karl J. Welle sett opp ein høgtalar slik at alle skulle få høyre. Welle dreiv radio- og elektrisk forretning før krigen, men under krigen var det få radioar å reparere, for dei hadde tyskarane teke. Likevel var det nokre som hadde greidd å lure unna ein radio, og dei kunne då, med fare for å bli oppdaga og få streng straff, høyre på nyheiter frå utlandet. Og var det ein av desse hemmelege radioane som trong
reperasjon, så kunne nok Welle (Kalle Welle, som han vart kalla) gi ei hjelpande hand. Mykje folk er samla, og i festklede. Lengst t.v. ei lita jente med norsk flagg (det hadde vore forbode under krigen.) Nokre kvinner har bunad. Elles er her to faner og eit stort norsk flagg midt i folkeflokken. Heilt t.v. litt av Privatbanken, deretter ein del av Wellehuset, bensinstasjonen og Roaldhuset. Det siste vart seinare flytt eit stykke opp i Storgata. I bakgrunnen Ramstadhuset og Nakkegjerde. Sjå også førre nr. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

   
     
Sist oppdatert søndag 30. mars 2008 18:07
 
FAKf-0538.00005 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:35
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Songkor, ungdomslag, songarstemne,

Kommune: Stranda Datering: 1924-1924
Distrikt: Sunnylven Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Songkoret til ungdomslaget Samhald, Straumgjerde, på songarstemne i Sunnylven sommaren 1924. Jentene frå venstre: Lina Riksheim, Klara Straumsheim, Laura Straumsheim, Anna Tandstad, Nilla Erstad, Lovise Riksheimgjerde, Palma Hjorthol, Synnøve Sandvik, Lovise Straumsheim, Lina Straumsheim, Palma Erstad. Gutane frå venstre: Jens Straumsheim, Alfred Riksheim, Petter Straumsheim, Jens Riksheim, Johan Riksheim, Martin Riksheim. Dirigent var Henrik Straumsheim. Før han var det Lars Drabløs som hadde koret, og, ei stutt tid, Johan Eidem. Frå omkring midten
av 1920-åra var det Trygve Straume som overtok. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

   
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:05
 
FAKf-0538.00006 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:37
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00006 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Skuleklasse, gruppeU22, elevar, lærar

Kommune: Sykkylven Datering: 1905-1905
Distrikt: Straumgjerde Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Sitjande f.v.: Karl P. Tandstad, Harald Strømmegjerde, Peder L. Strømmegjerde, Petter Konrad O. Hjorthol, Tomas P. Tandstad, Jens E. Tandstad, Arne C. Tandstad, Nils N. Riksheim. Bak: Torbjørg C. Tandstad, Karen O. Strømsheim, Olga K. Tandstad, Olava L. Drabløs, Helga H. Strømme, Kristine O. Strømme, Borghild Vigstad, Julie Strømme, Berta B. Strømsheim, Lovise A. Tandstad, Randi E. Tandstad. Lærar: Johan Eidem. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

   
     
Sist oppdatert søndag 30. mars 2008 18:08
 
FAKf-0538.00007 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 17:01
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00007 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU9, menn, grensegang,

Kommune: Sykkylven Datering: 1912-19141
905
Distrikt: Velledalen Format: 8.5 x14.0cm
Adresse: Lade Tilstand: Bra
Gnr.: 29 Klausul:
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Brudevoll, Ole S. Ymse yrke, am.fotograf f.1884
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     
Grensegang på Lade 1912-1914. Frå venstre: Andreas J. Lade, HauKnut-garden, Petter Velle (Valja-smeden), Knut Drabløs, Tore-garden, Karolus J. Drabløs (Bø-Karolus) Fredrik M. Fedt (Fitja-Fredrik), Ole Fet, Jogarden, Johan Hole, Haugen, Jens Petter Hjortdal, Pe-garden, Jakob Lade, HauKnut-garden. Bildet er teke etter ein grensegang i utmarka, dvs. dei hadde gått opp byteliner mellom teigane. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:02
 
FAKf-0538.00008 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 17:10
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00008 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Vegarbeidarar, gruppeU6, menn, veg,

Kommune: Sykkylven Datering: 1937-19371
905
Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Myrdalen Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     
Veganlegget Sykkylven.Stranda 1937 I. Før arbeidet med den nye veglina gjennom Myrdalen til Stranda kom i gang, vart den gamle bygdevegen gjennom Velledalen både omlagd og utvida på fleire stadar. Det var ein god del strid i bygda om vegvalet til Stranda. Somme meinte at vegen burde gå gjennom Ladalen til Fausa, vidare over fjellet til Stranda. Andre heldt på ei vegline gjennom Myrdalen, forbi Myrdalsstølen og setrane som høyrer til Stranda. Det siste alternativet vann fram til slutt. Arbeidet på vegen vart for det meste utført som akkordarbeid.
Kvart arbeidslag på 6-7 mann hadde ein akkordformann. Dette arbeidslaget hadde ein akkord på vegen ovanfor Myrdalsstølen. Frå venstre: Lars Holen, Holen, Harald Lødøen, Bøen, Konrad Brunstad, Monsgarden, Ole H. Brudevold, Brøvollsgjerda, Ole B. K. Lade, (Brua Bastian), Alfred Tandstad. Sjå også bilde 9 i same samling. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)
   
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:02
 
FAKf-0538.00009 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 17:15
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00009 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Vegarbeidarar, gruppeU9, menn, kvinne, brakke,

Kommune: Sykkylven Datering: 1937-19371
905
Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Myrdalen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     
Veganlegget Sykkylven-Stranda 1937 II. Ovanfor skiftet til Myrdalsstølen vart det oppsatt ei brakke, der vegarbeidarane budde. Murane står der enno. Då vegen var ferdig, vart brakka riven, ombygd og oppattsett attmed riksvegen ved Buvatnet. Ho vert no brukt av Statens Vegvesen. Her er nokre av arbeidarane attmed brakka. Framme: Lars Holen og kokka, Karen Hole frå Haugen på Hole, (f.1879.) Bak: Anton Strømme, Øggaplassen, Arthur Brunstad, Nygarden, ukjend, Carl C. Brunstad, Brua, Harald Lødøen (delvis gøymd) Ole B.K. Lade, ukjend. Sml. Med JH-8.
(Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)
   
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:02
 
FAKf-0538.00010 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 17:19
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00010 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU10, undommar, bygningar, veg, bru,

Kommune: Sykkylven Datering: 1928-1930
Distrikt: Velledalen Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Bruaplassen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 28.000 Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Hole, Sivert Skogsarbeidar f.1892
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     
Ungdomar - Brua. Framme frå vengtre: Lovise Hole, g. Aure, Signe Skylstad, Anna Hole, Bertha Skylstad, g. Sellereite, Lars A. Lade. Bak: Petter Lade, Harald Lødøen, Arne Lade, NN, Andreas Hjorthol, (bak Lars Lade.) Anna Hole frå Ola-garden, reiste til Amerika i oktober 1930, vart gift med Berhard Sandvik, som døydde. Seinare vart ho gift med Olav Aurdal, og budde i Seattle. Ho døydde før jul i 2001. Bildet er teke ein sundag hausten 1930, nokre få dagar før ho reiste. Foto: Sivert Hole. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)    
     
Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:02
 


Side 2 av 2
Du er her  : Velkommen Serie 3

Siste kommentarar: