Heimeside for Sykkylven Sogenemd

FAKf-0538.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
søndag 30. mars 2008 16:28
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv
MOTIV: Gravferd, gruppeU40, bygning,

Kommune: Sykkylven Datering: 1938-1938
Distrikt: Velledalen Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Holen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 31.003 Klausul:
Reg.: 15.02.2002 MHU

Fotograf: Grebstad, Selmer Sjåfør f.1909
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

Gravferda til Anne Oline Sivertsdotter Hole f. Hjorthol (1863-1938). Hans J. Hole, son til den avlidne, er nesten ferdig med tilbygget til gamlehusa. Næraste slekta til den avlidne står rundt kista. Til venstre: Alvhild, bak henne Jon, til høgre Kjellaug. Desse tre er borneborna til Anne Oline. Bak: Olina Hole, g. med nr. 2, Hans J. Hole, Lars Holen, Anna Hole, g. med nr. 5, Peter J. Hole, Petra Hole, dotter til den avlidne. Garssogn for S, II, s.604-605. Den gongen (og heilt fram til 1950-åra) var det vanleg å ha ei samling i heimen på gravferdsdagen. Slekt og vener møtte fram, og det var vanleg å be (invitere) til gravferda.

Elles var det faste reglar om kven som skulle kome. I tillegg til slekta var det alle på garden, d.v.s. unge og gamle frå alle dei elleve tuna på Hole. Dei fekk alltid mat og kaffi. Presten var ofte til stades og heldt ei andakt, eller ein lokal person var til stades og heldt ein tale over den avdøde. Også andre hadde høve til å seia nokre minneord. Salmesong. I einskilde gravferder blei loket teke av kista slik at dei som ville kunne få sjå den døde, men den skikken var det stort sett slutt med i 1930-åra, det eg kan hugse. Berre i ei gravferd kan eg hugse at dette vart gjort. Kista var kjøyrd med hest og hjulslede til riksvegen, derifrå vart det brukt lastebil til kyrkja på Aure.

Som oftast var det Oskar Hole på Brudevoll som sytte for transporten. Med lastebilen sin (som han miste på Åndalsnes i krigshandlingane i 1940) kjøyrde han turistar og anna ferdafolk, grus og sand, og elles alt som skulle transporterast. Dei som skulle vere med til kyrkja, var som regel karar av næraste slekta, dessutan nokre frå garden, oftast berre mannfolk. Dei måtte finne seg plass på lasteplanet saman med kista. Når det mest berre var mannfolk med, var det vel p.g.a. den noko ubekvemme transporten, men også fordi dei som var med , skulle hjelpe til med å kaste att grava. Av og til kunne det hende at desse fekk mat på kafeèn på Aure. (Bondestova i det gamle sparebankbygget.) (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

Kommentarar
Legg til
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert onsdag 02. april 2008 09:04
 
Du er her  : Velkommen Serie 3 FAKf-0538.00001

Siste kommentarar: