Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Skriv ut E-post




Flyfoto frå Sykkylven 1962.

Velkomen til heimesida til Sykkylven sogenemnd. Gjennom denne sida ønskjer vi å gje inspirasjon og kunnskap til alle som vil bli nærare kjent med Sykkylven i nær eller fjern fortid. Vi vonar at du vil finne noko av interesse her anten du først og fremst er interessert i å finne informasjon om eiga slekt, eller om du søkjer generell informasjon om utviklinga av sykkylvssamfunnet. Sykkylven sogenemnd har opp gjenom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Nokre av bøkene er utselde og dei vil du finne her på sida vår. Andre kan du kjøpe gjennom den lokale bokhandelen.

På sida her finn du link til nettportalen www.lokalhistoriewiki.no. Det er Norsk lokalhistorisk institutt som står bak denne portalen, og her kan alle lokalhistorisk interesserte personar i Noreg leggje ut artiklar om personar, bedrifter, organisasjonar, hendingar m.v. som dei kjenner til. Dette er ein lokalhistorisk dugnad som har resultert i mange tusen artiklar frå heile landet. Sykkylven sogenemnd er med på dugnaden. Vi har oppretta Sykkylven leksikon der vi legg ut artiklar om smått og stort vedkomande Sykkylven i fortid og samtid. Vi vil gjerne ha med deg i dugnadslaget. Send til oss artiklar om lokale tema som opptek deg, eller registrer deg som brukar og legg artiklane inn sjølv. Hugs å nytte kategorien «Sykkylven leksikon» på lokalhistoriske artiklar frå denne kommunen.

Sist oppdatert onsdag 15. mars 2017 23:50
 
Du er her  : Velkommen Serie 3 Velkommen

Siste kommentarar: