|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 16:25 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0538.00012 Type: Positiv s/kv m. sølv
MOTIV: PortrettU2, kvinner,
Kommune: Sykkylven Datering: 1928-1930
Distrikt: Velledalen Format: 9.0 x14.0cm
Adresse: Brøvoll Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU
 |
| | Fotograf: Hole, Sivert Skogsarbeidar f.1892
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | | Signe og Berta Skylstad - Hole. Signe (f. 1914) og Berta (f.1911) var døtrene til Nils Syverson Skylstad frå Monsgarden og Thomasine Olsdtr. Bjørke. Dei kom frå Hjørundfjorden og kjøpe Haugen, bruk nr. 10 på Hole i 1918. Signe fekk seg tomt på heimgarden og sette seg opp hus der. Siste åra har ho budd på Sykkylven aldersheim. Berta vart gift Sellereite og vart bondekone på Skylstad. Siste åra har ho budd på Aldersheimen på Sæbø. Biletet er teke på Haugen, og med Regndalsfjella og Skjortebreen i bakgrunnen. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.) |
| | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 16:28 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0538.00013 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Båtar, ungdomsstemne, bygningar, kyrkje, sjøbud, ungdomshus, Kommune: Sykkylven Datering: 1919-1921 Distrikt: Aure Format: 8.5 x14.0cm Adresse: Aure Tilstand: Bra Gnr.: 14.000 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | | Frilyndt ungdomsstemne på Aure omkring 1920,- båtar. Sjøen var raskaste og beste ferdslevegen på våre kantar før bilen kom i bruk. Frå fjordane og øyane strøymde det til folk i full-lasta båtar når det var stemne. Her er nokre av båtane som har ankra opp i Hau-bukta. Til venstre gamlekyrkja, som brann ned i 1893. Det stor kvite huset litt til høgre på biletet er sjøbuda til severin K. Aure. Heilt til høgre ungdomshuset Valhall. Det var ei såkalla Schmidt-hus, bygd av murstein. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.) | | | | | | |
|
|
Sist oppdatert tysdag 01. april 2008 16:54 |
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 16:31 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0538.00014 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Vegarbeidarar, gruppeU16, menn, Kommune: Sykkylven Datering: 1936-1936 Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm Adresse: Myrdalen Tilstand: Bra Gnr.: Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | Før arbeidet med den nye veglina gjennom Myrdalen til Stranda kom i gang, vart den gamle bygdevegen gjennom Velledalen både omlagt og utvida på fleire stadar. Det var ein god del strid i bygda om vegvalet til Stranda. Somme meinte at vegen burde gå gjennom Ladalen til Fausa, vidare over fjellet til Stranda. Andre held på ei vegline gjennom Myrdalen, forbi Myrdalsstølen og setrane som hører til Stranda. Det siste alternativet vann fram til slutt. Arbeidet på vegen vart for det meste utført som akkordarbeid. Kvart arbeidslag på 6-7 mann hadde ein akkordformann. Ovanfor skiftet til Myrdalsstølen vart det oppsett ei brakke, der vegarbeidarane budde. Murane står der enno. Då vegen var ferdig, vart brakka riven, ombygd og oppattsett attmed riksvegen ved Buvatnet. Ho vert no brukt av Statens Vegvesen. Her er nokre av arbeidskarane att med brakka, 01. Henrik B. Velle, 02. Andreas Aasen, 03. Alfred Tandstad, 04. Peder Aasen, 05. Ole Bastian Lade, 06. Anton Strøm, 07. NN, 08. Peder Holmberg, 09. NN, 10. Lars Holen, 11. NN, 12. NN, 13. NN, 14. NN, 15. Harald Lødøen, 16. Petter (Pit) Bøen. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)  1 Velle Henrik B. 2 Aasen Andreas 3 Tandstad Alfred 4 Aasen Peder 5 Lade Ole Bastian 6 Strøm Anton 7 NN 8 Holmberg Peder 9 NN 10 Holen Lars 11 NN 12 NN 13 NN 14 NN 15 Lødøen Harald 16 Bøen Petter (Pif) | | | | | | |
|
|
Sist oppdatert tysdag 01. april 2008 16:58 |
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:03 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Brudepar, portrettU2, Kommune: Sykkylven Datering: 1925-1925 Distrikt: Grebstad Format: 10.5x6.5 cm Adresse: Tomasgarden Tilstand: Nokså bra Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | | Bondebryllaup i Tomasgarden, 1925. Anton Thomassen Grebstad (f.1891), gifte seg i 1925 med Kristine Harnes frå Harøya (1894-1958.) Dei hadde bryllaup på gamaldags vis i Tomasgarden på Grebstad. Anton hadde vore skreddarmeister i Ålesund. Han fekk tomt på heimegarden og sette opp hus der i 1952, og budde deretter fast i Sykkylven. Han var mykje interessert i ungdomslagsarbeid og folkemusikk. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:06 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Bryllaup, brudepar, folk, hest, kjerre, tun, Kommune: Sykkylven Datering: 1925-1925 Distrikt: Grebstad Format: 6.5 x10.5cm Adresse: Tomasgarden Tilstand: Bra Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | | Bondebryllap II. Nokre av bryllaupsfolket på tunet i Tomasgarden. Sjå også førre nr. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:08 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Bryllaup, brudepar, hest, folk, skyssvogn, bygning, Kommune: Sykkylven Datering: 1925-1925 Distrikt: Grebstad Format: 6.5 x11.5cm Adresse: Tomasgarden Tilstand: Bra Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930 | | | | | | | | Bondebryllaup III. Brudeparet køyrde med hest og skyssvogn. Sjå også de førre nr. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:14 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv
MOTIV: Krigstid, gruppeU100, arbeidsteneste, leir, gutar,
Kommune: Sykkylven Datering: 1942-1942 Distrikt: Format: 15.0x22.0cm Adresse: Tilstand: Bra Gnr.: Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Graven, Inger Informant: Hole, Leonhard Pensjonist, disponent f.1922 | | | | | | | Frå AT-leiren, Sparbu. Dei nazistiske styresmaktene kalla inn ei mengde 20-åringar til såkalla "arbeidsteneste" under krigen. Tanken var at desse unggutane skulle hjelpe til med arbeid i landbruket, men det var nok ein baktanke om at dei skulle kunne gjere krigsteneste på tyskarane si side. Dette er frå ein AT-leir i Sparbu i Trøndelag august-september-oktober 1942. Her i frå Sykkylven var desse med: Harry Brunstad, Lars Karl Fauske, Leonhard Hole, Norvald Ramstad, (dåverande Ørskog kommune.) Frå Åndalsnes reiste dei med såkalla kuvogner på jernbanen. Vognene var merka utvendig med "8 mann og 40 hestar". (Forts…) Der var ingen sitteplassar, og gutane fraus forferdeleg der dei låg i noko halmrusk over Dovre. Leonhard Hole står heilt til venstre på tredje siste rekkje. Dei andre tre har det ikkje vore råd å finne. "Soldatane" var ute på gardsarbeid frå måndag til fredag, på laurdag og sundag var det eksersis med spade i staden for gevær. Det var helst skralt med maten, men når dei var ute på gardane, var det rikeleg med mat å få. Leonhard Hole kan hugse at han var åtte dagar og truska på ein gard, og kvar kveld kom politiet og kontrollvog kornsekkane, slik at ikkje noko skulle bli gøymd unna. Leonhard og nokre andre frå våre kantar budde i eit nedlagt ullspinneri, tett attmed jernbanestasjonen, og der var matsal i første etasje. Andre budde i ungdomshuset, og endå andre i spesielle brakker. Harry Brunstad vart sjuk og vart innlagd på sjukehuset i Levanger medan dei var der. Leonhard og Lars Karl Fauske gjekk mesteparten av vegen frå Sparbu til Levanger ein sundag for å besøkje han, men fekk ta toget heim att. Sjefen for desse gutane blei kalla "sveitførar", og var hemmeleg leiar for Heimefronten i Trøndelagsfylka. Kvartermeisteren, som hadde slekt i Sykkylven, viste seg å vere medlem i Rinnanbanden då krigen var slutt, og han fekk 12 års fengsel. Han likte å kome innom brakka til sykkylvingane, verka som ein grei kar, og ville frette nytt om vener og kjende. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Sist oppdatert tysdag 01. april 2008 17:16 |
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:12 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Bryllaup, skyssvogn, spelemenn, kusk, Kommune: Sykkylven Datering: 1925-1925 Distrikt: Grebstad Format: 6.5 x11.5cm Adresse: Tomasgarden Tilstand: Bra Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Informant: Hole, Leonhard Pensjonist, disponent f.1922 | | | | | | | | Bondebryllaup IV. I skyssvognen sit spelemennene, t.h. Karl Eidem (Blinde-Karl) i hatt. Den andre kan vere Lars Riksheim (Teie-Lars.) Kusken er Sverre Grebstad (Sjur-Sverre), og framfor han Carl C. Tandstad jr., omlag sju år gamal. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:16 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0539.00006 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: Krigstid, arbeidsteneste, leir, oppstilling, gutar, brakker, Kommune: Sykkylven Datering: 1942-1942 Distrikt: Format: 15.0x22.0cm Adresse: Tilstand: Bra Gnr.: Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Graven, Inger Informant: Hole, Leonhard Pensjonist, disponent f.1922 | | | | | | | Oppstilling i AT-leiren, Sparbu. Laurdagar og sundagar var det oppstilling attmed dei to brakkene i Sparbu sentrum. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.) | | | | | | |
|
|
Skrive av Administrator
|
|
tysdag 01. april 2008 17:22 |
|
* * * F O T O K O R T * * * FAKf-0540.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv MOTIV: GruppeU6, kvinner, menn, vindauge, Kommune: Sykkylven Datering: 1933-1934 Distrikt: Straume Format: 10.0x5.0 cm Adresse: Straumgjerde, Sølmongarden Tilstand: Nokså bra, men Gnr.: 24.002 Klausul: Ingen Reg.: 18.02.2002 MHU  | | | Fotograf: Ukjend Eigar: Hovet, Olga f.1922 Informant: Hovet, Olga f.1922 | | | | | | | I vinduet står Olga og Karen Strømme, no gift Hovet og Rørvik. Ståande frå venstre: bestemor til Olga og Karen, Susanne frå Tormodgarden, nr. 2 mor Ingeborg f. Strømme, nr. 3 far Ole Strømmegjerde som tok namnet Strømme då han flytta til Straume, nr. 4 Jo-Lars, Lars Strømme frå Jo-garden f. ca. 1850. (Lokal registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.) | | | | | | |
|
|
|