Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Serie 4
FAKf-0540.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:24
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0540.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU3, kvinner, seter, sel,

Kommune: Sykkylven Datering: 1936-1937
Distrikt: Straumgjerde Format: 5.0 x10.0cm
Adresse: Straumsheimsetra Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hovet, Olga f.1922
Informant: Hovet, Olga f.1922

Biletet er teke ved Ellenselet på Straumsheimsætra. Jentene er Karen, Strømme som tente i Ellengarden, Anne Straumsheim og Olave Strømme som tente på Nymarka. Dei sit ein søndag i finkleda og et rjomegraut. Elles i veka arbeidde dei på gardane, gjekk på setra kvelden og mjølka og overnatta der. Om morgonen mjølka dei og sende mjølka ned med løypestreng. Det var hardt arbeid, difor godt med ein fridag. (Lokal registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.)

 
FAKf-0540.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:27
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0540.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU9, kvinner, leik, landskap, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1936-1936
Distrikt: Straume Format: 10.0x5.0 cm
Adresse: Straumgjerde, Sølmongarden Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: 24.002 Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hovet, Olga f.1922
Informant: Hovet, Olga f.1922

Søndagsleik med jenter på besøk i Sølmongarden frå bl.a. nabogardane. F.v. Olga Hovet f. Strømme, Julie Strømme, Olivia Kleppe f.Strømme, Petra Erstad, syskenborn av Hjalmar Straumsheim, Anne Ose f. Straumsheim, Oddbjørg Strand f. Drabløs, Karen Rørvik f. Strømme, Helga Strømme, Petra Roald f. Strømme. Sølmongarden var ein samlingsstad for ungdom. Der budde fire unge systrer og ein bror (Amerika). Olga har sydd kjolen sin på handgjerning på skulen. Petra og Helga var utdanna skreddarar, tenestejenter, Oddbjørg frå Eilevgarden hadde posten. (Lokal
registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.)

 
FAKf-0540.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:29
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0540.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU17, kvinner, foreining, helselagsforeining,

Kommune: Sykkylven Datering: 1937-1937
Distrikt: Velledalen Format: 5.0 x10.0cm
Adresse: Myrdalen Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hovet, Olga f.1922
Informant: Hovet, Olga f.1922

Straumgjerde jente- og helselag på tur til Myrdalen ein sundag sommaren 1937. Desse er med: 1. Olave Strømme, 2. Marie Riksheim Hjorthol, 3. Anna Riksheimgjerde Stølen, 4. Lovise Straumsheim Kolberg, Vestnes, 5. ukjend, 6. Anne Straumsheim Ose, 7. Laura Aure Riksheim (frå Jangarden), 8. Antonia Tandstad Midtgård, 9, Karen Strømme Rørvik, 10. Julie Strømme, 11. Klara Straumsheim Strømmegjerde, 12. Oddbjørg Drabløs Strand, 13. Jensine Hole frå Jogarden på Hole, Velledalen, 14. Helga Strømme, 15. Nikoline Strømme Ullahammar, 16. Anna Vigstad (Tørjer Anna), 17. Karen Straume. Helselagsforeningane vart haldne rundt om i heimane. Basaren vart halden på ungdomshuset Vårvon. (Lokal registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.)

 
FAKf-0540.00005 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:32
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0540.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: 17. mai, bru, bygningar, landskap,

Kommune: Sykkylven Datering: 1946-1948
Distrikt: Straumsheim Format: 10.0x5.0 cm
Adresse: Straumgjerde Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hovet, Olga f.1922
Informant: Hovet, Olga f.1922

17. mai toget på veg over gamlebrua i 1946. Løa til høgre tilhøyrer Buda-Petter, Petter Conrad Hjorthol. Han og kona Agnes budde då i ytste enden av løa før han bygde stovehus. Dyra heldt til i andre enden. Nyevegen er ikkje bygd, vegen svingar opp i Straumsheimgarden. Bussen til Buda-Petter står parkert ved huset, køyrde rute til Ikornnes. Lokal registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.)

 
FAKf-0540.00006 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:34
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0540.00006 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU4, besteforeldre, barnebarn, bygning,

Kommune: Sykkylven Datering: 1942-1942
Distrikt: Straume Format: 10.0x5.0 cm
Adresse: Straumgjerde, Sølmongarden Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: 24.002 Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hovet, Olga f.1922
Informant: Hovet, Olga f.1922

I Sølmongarden, Ingeborg og Ole Strømme med borneborn Ingrid og Inge Roald, Vigra. Levde av garden, men Ole dreiv med murararbeid som attåtnæring. Selde ved, 13 kr. for ei famn. (Lokal registrering: Ingunn Hole Hunnes 22.01.2002.)

 
FAKf-0541.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:37
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0541.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU9, fjelltur, ungdom,

Kommune: Sykkylven Datering: 1930-1940
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Kursetgjerde, Petter Snekker f.1913
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Kursetgjerde, Petter Snekker f.1913

Ungdom på fjelltur i Sykkylvsfjella i 1930-åra. (Petter Kursetgjerde har namna.) (Lokal registrering: Eldar Høidal: 08.02.2002.)

 
FAKf-0541.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:39
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0541.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Musikkorps, instrument, gruppeU20, menn, gutar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1921-1921
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Tilstand: Dårleg, flekkar mm,
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Høidal, Eldar Historikar f.1956

Musikk-korpset Lurlåt ein gong i mellomkrigsåra, truleg nær 1921. (Meir opplysningar kan skaffast ved Mindor Hjellegjerde t.d.) Nr. 1. Lars Hjellegjerde, 2. Karl Ramstad, 3. Ole Hjellegjerde, 4. Lars Myre, 5. Anton Roald, 6. Karl Eidem. Oppl. Oddlaug Andestad f.11.12.30. (Lokal registrering: Eldar Høidal: 08.02.2002.)

 
FAKf-0541.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:41
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0541.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Ungdomslag, busstur, buss, gruppeU20, kvinner, menn,

Kommune: Sykkylven Datering: 1932-1932
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Tu, Ola Gardbrukar

Ungdomslagetf.Aasen i Ålesund på tur i ei sunnmørsbygd i 1932. Ola Tu var medlem i ungdomslaget. (Lokal registrering: Eldar Høidal 08.02.2002.)

 
FAKf-0541.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:44
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0541.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Tun, bygningar, landskap, veg, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1930-1935
Distrikt: Tusvik Format: x cm
Adresse: Tu-garden Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Tu, Ola Gardbrukar
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Tu, Ola Gardbrukar

Tu-garden i f.ven ein gong tidleg i 1930-åra. Vegen gjekk den gongen rett gjennom tunet, slik det var vanleg då. (Lokal registrering: Eldar Høidal 08.02.2002.)

 


Side 2 av 2
Du er her  : Velkommen Serie 4

Siste kommentarar: