Heimeside for Sykkylven Sogenemd

FAKf-0538.00014 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 17:31
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0538.00014 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Vegarbeidarar, gruppeU16, menn,

Kommune: Sykkylven Datering: 1936-1936
Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Myrdalen Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

   

Fotograf: Ukjend
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

   
     

Før arbeidet med den nye veglina gjennom Myrdalen til Stranda kom i gang, vart den gamle bygdevegen gjennom Velledalen både omlagt og utvida på fleire stadar. Det var ein god del strid i bygda om vegvalet til Stranda. Somme meinte at vegen burde gå gjennom Ladalen til Fausa, vidare over fjellet til Stranda. Andre held på ei vegline gjennom Myrdalen, forbi Myrdalsstølen og setrane som hører til Stranda. Det siste alternativet vann fram til slutt. Arbeidet på vegen vart for det meste utført som akkordarbeid. Kvart arbeidslag på 6-7 mann hadde ein akkordformann. Ovanfor skiftet til Myrdalsstølen vart det oppsett ei brakke, der vegarbeidarane budde. Murane står der enno. Då vegen var ferdig, vart brakka riven, ombygd og oppattsett attmed riksvegen ved Buvatnet. Ho vert no brukt av Statens Vegvesen. Her er nokre av arbeidskarane att med brakka, 01. Henrik B. Velle, 02. Andreas Aasen, 03. Alfred Tandstad, 04. Peder Aasen, 05. Ole Bastian Lade, 06. Anton Strøm, 07. NN, 08. Peder Holmberg, 09. NN, 10. Lars Holen, 11. NN, 12. NN, 13. NN, 14. NN, 15. Harald Lødøen, 16. Petter (Pit) Bøen. (Lokal registrering: Jon Hole 12.01.2001.)

 

1 Velle Henrik B.
2 Aasen Andreas
3 Tandstad Alfred
4 Aasen Peder
5 Lade Ole Bastian
6 Strøm Anton
7 NN
8 Holmberg Peder
9 NN
10 Holen Lars
11 NN
12 NN
13 NN
14 NN
15 Lødøen Harald
16 Bøen Petter (Pif)

   
     


Bokmerk og del på:
Kommentarar
Legg til
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert tysdag 01. april 2008 17:58
 
Du er her  : Velkommen Serie 4 FAKf-0538.00014

Siste kommentarar: