Heimeside for Sykkylven Sogenemd

FAKf-0539.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 18:14
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0539.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Krigstid, gruppeU100, arbeidsteneste, leir, gutar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1942-1942
Distrikt: Format: 15.0x22.0cm
Adresse: Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 18.02.2002 MHU

 

   

Fotograf: Graven, Inger
Informant: Hole, Leonhard Pensjonist, disponent f.1922

   
     

Frå AT-leiren, Sparbu. Dei nazistiske styresmaktene kalla inn ei mengde 20-åringar til såkalla "arbeidsteneste" under krigen. Tanken var at desse unggutane skulle hjelpe til med arbeid i landbruket, men det var nok ein baktanke om at dei skulle kunne gjere krigsteneste på tyskarane si side. Dette er frå ein AT-leir i Sparbu i Trøndelag august-september-oktober 1942. Her i frå Sykkylven var desse med: Harry Brunstad, Lars Karl Fauske, Leonhard Hole, Norvald Ramstad, (dåverande Ørskog kommune.) Frå Åndalsnes reiste dei med såkalla kuvogner på jernbanen. Vognene var merka utvendig med "8 mann og 40 hestar". (Forts…)


Der var ingen sitteplassar, og gutane fraus forferdeleg der dei låg i noko halmrusk over Dovre. Leonhard Hole står heilt til venstre på tredje siste rekkje. Dei andre tre har det ikkje vore råd å finne. "Soldatane" var ute på gardsarbeid frå måndag til fredag, på laurdag og sundag var det eksersis med spade i staden for gevær. Det var helst skralt med maten, men når dei var ute på gardane, var det rikeleg med mat å få.

Leonhard Hole kan hugse at han var åtte dagar og truska på ein gard, og kvar kveld kom politiet og kontrollvog kornsekkane, slik at ikkje noko skulle bli gøymd unna. Leonhard og nokre andre frå våre kantar budde i eit nedlagt ullspinneri, tett attmed jernbanestasjonen, og der var matsal i første etasje. Andre budde i ungdomshuset, og endå andre i spesielle brakker. Harry Brunstad vart sjuk og vart innlagd på sjukehuset i Levanger medan dei var der. Leonhard og Lars Karl Fauske gjekk mesteparten av vegen frå Sparbu til Levanger ein sundag for å besøkje han, men fekk ta toget heim att.

Sjefen for desse gutane blei kalla "sveitførar", og var hemmeleg leiar for Heimefronten i Trøndelagsfylka. Kvartermeisteren, som hadde slekt i Sykkylven, viste seg å vere medlem i Rinnanbanden då krigen var slutt, og han fekk 12 års fengsel. Han likte å kome innom brakka til sykkylvingane, verka som ein grei kar, og ville frette nytt om vener og kjende. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.)

   
     


Bokmerk og del på:
Kommentarar
Legg til
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert tysdag 01. april 2008 18:16
 
Du er her  : Velkommen Serie 4 FAKf-0539.00004

Siste kommentarar: