Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Serie 5
FAKf-0543.00008 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:20
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00008 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU4, menn, arabarar, møbelarbeidarar,

Kommune: ykkylven Datering: 1962-1962
Distrikt: Format: 8.0 x8.0 cm
Adresse: Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Informant: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938

 

Her er Alfred Olaus Strømme (f.1909-d.1994) i Saudi Arabia for å montere møblar for Bernhard Tynes. Det var prins IbnSaud som sane. Han vart seinare konge i Saudi Arabia. Alfred står her saman med sine tre hjelparar, som stilte opp til ei kvar tid. Etter utført arbeid fekk han ei arabardrakt og ein gulldolk. (Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 
 
FAKf-0543.00009 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:23
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00009 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Skihoppar, ski, vinter,

Kommune: Sykkylven Datering: 1962-1962
Distrikt: Brunstad Format: 7.0 x10.0cm
Adresse: Brunstadbakken Tilstand: Bra
Gnr.: 32.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Informant: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938

 

Arne Larsen i svevet. Han vart verdsmeister i kombinert dette året, i 1962. Han vart invitert til Sykkylven og sette ny bakkerekord med 62 meter i Brunstadbakken i dette svevet. (Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 
 
FAKf-0543.00010 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:25
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00010 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Silo, løebygning, bygningsarbeid,

Kommune: Sykkylven Datering: 1962-1962
Distrikt: Grebstad Format: 8.0 x8.0 cm
Adresse: Klokkergarden Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Informant: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938

 

Han som står på biletet er Sverre L. Grebstad (f.1902-d.1995) (Sjur-Sverre), og sitjande på taket er Alfred Olaus Strømme (f.1909-d.1994) (Klokkar-Alfred). Langhøyet vart hesja, og siloen vart brukt til holslåtten (andreslotten.) Taket som er på løa er Schmidtstein som vart laga på Blindheim i Sykkylven. Etter 40 år var steinen mest like god.(Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 
 
FAKf-0543.00011 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:27
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00011 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Bil, bygning, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1960-1960
Distrikt: Grebstad Format: 6.5 x9.5 cm
Adresse: Klokkergarden Tilstand: Bra
Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Informant: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938

 

Bilen kjøpte Tynes i 1952, og den vart brukt nokre år til å køyre arbeidarar frå Haugset og Grebstad til Tynesfabrikken. Bilen var ein 1929 mod. Studiebacker med 120 hk. Bilen vart fyrst kjøpt av statsråd Mowinkel, som representerte Venstre. Tidleg i 1960-åra vart bilen taua fram til grushola på Kjemphol og dumpa. I bakgrunnen ser ein revehuset i Klokkargarden. (Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 
 
FAKf-0543.00012 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:29
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00012 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Slåttonn, høykøyring, hest, sæterarbeid, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: -
Distrikt: Grebstad Format: 5.5 x8.5 cm
Adresse: Grebstadstølen Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 7.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938
Informant: Strømme, Petter Andreas Sjåfør, bonde, f.1938

 

Stølestykket til Klokkargarden. Personane frå venstre er Anne Lise Nørve frå Ålesund og Inger Margrethe Strømme (f.1942) g. Yksnøy, og guten som køyrer hesten er Jan Bernhard Aure (f.1944-d.2000.) Hesten heitte Per og var Klokkarhesten. I bakgrunnen ser vi Remerhornet til venstre og Aurdalsnibba med Stor-snøbreen. (Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 
 
FAKf-0544.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:33
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0544.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU10, kvinner, menn, sæter, bygningar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1960-1961
Distrikt: Velledalen Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Brunstadsætra Tilstand: Bra
Gnr.: 32.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Kjerstad, Haldis Sjukepleiar f.1930
Eigar: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932
Informant: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932

 

Brunstadsætra. Framme frå venstre: Kjellaug Brunstad, Tor Rausand, Ruth Skotte, Annbjørg Brunstad, NN, Olga Brunstad, Kjellaug Tynes, Jenny Brunstad, g. Buset. Bak i midten: Kitty Vangen. På sidene: Sønene til Jenny Buset. Omlag 1960. (Lokal registrering: Jon Hole 25.01.2002.)

 
 
FAKf-0544.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:37
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0544.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Skuleklasse, gruppeU18, elevar, lærar,

Kommune: Sykkylven Datering: 1934-1934
Distrikt: Aure Format: 11.0x7.0 cm
Adresse: Aure Tilstand: Bra
Gnr.: 14.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932
Informant: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932

 

Aurdal skule 1934. Fremst frå venstre: Kåre Eidem, Judith Haram, Aslaug Grebstad, Ellen Klokkerhaug. I midten frå venstre: Petter O. Grebstad, Gunnar Skotte, Karl Welle, Tonny Ullavik, Ingvald Hjellegjerde, Leif Grebstad. Bak: Emil Ullavik, Jens Aure, Arne Fauske, Helge Grebstad, John Slinning, Torkjel Overå, Ingmar Relling. Lærar: Elias Frøysa. (Lokal registrering: Jon Hole 25.01.2002.)

 
 
FAKf-0544.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:39
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0544.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Konfirmasjon, overhøyring, prest, kyrkje,

Kommune: Sykkylven Datering: 1946-1946
Distrikt: Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Skotte, Gunnar Rektor f.1919
Eigar: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932
Informant: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932

 

Konfirmasjon, overhøyring i 1946. På overhøyringssundagen sat konfirmantane i midtgangen, og jentene hadde bunad. Her har presten så vidt kome i gang med overhøyringa av dei fyste seks jentene. Den som leia overhøyringa, var truleg presten Bjørke. (Lokal registrering: Jon Hole 25.01.2002.)

 
 
FAKf-0544.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:41
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0544.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU11, forretning, verkstad, bygg, familie,

Kommune: Sykkylven Datering: 1954-1954
Distrikt: Sykkylven Format: 7.0 x10.0cm
Adresse: Sykkylven Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932
Informant: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932

 

Skotte & Co AS- Skottefamilien, 1954. Saman med sonen Gunnar sette Edvard Skotte opp eit stort forretnings- og verkstadbygg til det gamle Skotte-huset i 1939. Der dreiv dei firmaet Skotte & Co AS, seinare saman med den yngre sonen Reidar. Her er heile familien samla framfor forretningsbygget. Frå venstre: Ranveig Skotte, Gunnar Skotte, Olivia Skotte, Edvard Skotte, Myrthle Fatland, f. Skotte med sonen Harald, Ruth Skotte (seinare gift Hole), Ragnvald Fatland med dottera Liv, Reidar Skotte, Egil Skotte. Sjå RS-1. (Lokal registrering: Jon Hole
25.01.2002.)

 
 


Side 2 av 2
Du er her  : Velkommen Serie 5

Siste kommentarar: