FAKf-0543.00005 Skriv ut
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:13
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0543.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Barn, gruppeU7, tun, bygningar, stabbur,

Kommune: Sykkylven Datering: 1926-1926
Distrikt: Haugseth Format: 8.0 x13.0cm
Adresse: Pålgarden Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 13.000 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Myhre, Lars Gardbrukar, musikar f.1888
Eigar: Strømme, Petter Andreas Sjåfør,bonde, f.1938

Informant: Aure, Margrethe Haugseth Husmor f.1916

 

Personane frå venstre: NN, Pia Aurdal (f.1915-d.1998) g. Aure, Astrid Lina Haugseth (f.1917) g. Korsbrekke, Jenny Tordis Haugseth (f.1919-d.1993) g. Lied, Margrethe Hjørdis Haugseth (f.1916) g. Aure, Bjarne (f.1923-d.1973). Jenta i kvit kjole er ukjend. Myre Lars (f.1888) kom til Pålgarden for å ta bilde av familien for å sende det til Amerika slik at Lars Petter Karl Haugseth (f.1889-d.1957) som var der, kunne sjå korleis borna vaks til.Lars Petter var to periodar i Amerika. I første periode, frå 1910-1915, var han i Polson Camp. Andre periode, frå 1923-1928, var hannpå kveitefiske om vintrane og på skipsbygging elles.
I venstre bildekant ser vi huset på Reiten og vi kan skimte taket til stabburet. Huset bak ungeflokken er stabburet på Pållgarden som står i dag, og i høgre bildekant ser ein gamlestova i Pållgarden. Byggeår er ukjent, men det vart rive i hausten/vinteren 1930-31. Kårenden av huset vart flytta. Det vart brukt til vedaskot, og har stått heilt fram til sommaren 2000. Der stabburet stod før vart det oppført eit nytt hus i 1929-30, og familien flytta inn hausten 1930. Nedanfor stabburet ligg ei steinrøys som Lars Petter Karl Haugseth (f.1889-1957) samla etter nydyrking. Han skulle bruke steinen til murane på nyhuset. Fjella frå venstre Remerhornet og Kjempholline. Første inngang frå høgre vart brukt til veaskot, og inngangen nedanfor arka var inngang på baksida. Det var tre lag med 6 småruta vindauge. Dette var kårenden der Marie Haugseth (f.1858-d1934) f. Klokkehaug, budde. (Lokal registrering: Thor Willy Strømme: 06.02.2002.)

 


Bokmerk og del på:
Kommentarar
Legg til
Skriv ein kommentar:
Namn:
Epost:
 
Tittel:

3.20 Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."