Heimeside for Sykkylven Sogenemd

Serie 6
FAKf-0544.00005 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:43
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0544.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Bryllaup, kyrkje, brudefylgje,

Kommune: Sykkylven Datering: 1933-1933
Distrikt: Sykkylven Format: 7.0 x11.0cm
Adresse: Sykkylven Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932
Informant: Hole, Ruth S. Adjunkt f.1932

 

Bryllaupet til Ragna Skotte og Severin Sjong, 1933. For dei som budde i sentrum og såleis hadde kort veg til kyrkja, var det vanleg at både brudepar og bryllaupsgjester gjekk til kyrkja. Her har brudefylgjet stoppa opp framfor kyrkja, etter at brudevigsla er over. (Lokal registrering: Jon Hole 25.01.2002.)

 
 
FAKf-0545.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:46
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0545.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Hestar, føl, mann, merr, hest, bygning,

Kommune: Sykkylven Datering: 1935-1940
Distrikt: Søvikdal Format: 5.5 x9.0 cm
Adresse: Søvik -Øvre Tilstand: Dårleg
Gnr.: 67.002 Klausul: Ingen
Reg.: 19.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942
Informant: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942

 

Biletet er av bestefaren min, Ole Andreas Olsen Søvik, og følmerra "Lilly" som var på garden i ca. 25 år. Ole Andreas reiste til Amerika i 1886 (16 år gamal) og var der borte i ti år. I bakgrunnen stovehuset (bygt 1843.) På trappa bestemor mi, Karen Josefine f. Vidhammer. Dei dreiv garden frå 1897-1940. Han var og postopnar i 30 år. Han hadde og lensmanns- og presteskyss frå Sjøholt til Aure i mange år. Fyrst var det å ro eller sigle over fjorden, og vidare med hesteskyss til Aure. Det var eit dagsarbeid, og løna var 2-3 kroner, fortalde han. (Lokal
registrering: Torkjell Søvik: 28.01.2002.)

 
 
FAKf-0545.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:48
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0545.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU7, slåttonn, kvalpar, hest, reidskap,

Kommune: Sykkylven Datering: 1938-1943
Distrikt: Søvikdal Format: 5.5 x8.0 cm
Adresse: Søvik -Øvre Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 67.002 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942
Informant: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942

 

Biletet er teke ovanfor stabburet og stova i Øvre Søvika med fjorden og Vaksvika i bakgrunnen. Personane er frå venstre: Ole Andreas Søvik (f. 1870) og kona Karen Josefine f. Vidhammer (f.1876) (med riva). Vidare Helmi Ruud Olsen frå Ålesund, Oline Frøysa frå Klokk. Personen som held i merra er ukjend, likeeins dei to borna med kvalpar i fanget, men det er truleg feriefolk frå byen. (Lokal registrering: Torkjell Søvik: 28.01.2002.)

 
 
FAKf-0545.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:50
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0545.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: GruppeU3, menn, gut, "gullstol", landskap,

Kommune: Sykkylven Datering: 1935-1940
Distrikt: Søvikdal Format: 5.5 x8.0 cm
Adresse: Søvik -Øvre Tilstand: Nokså bra, men stripe
Gnr.: 67.002 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942
Informant: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942

 

Personane er frå venstre: Edvard Ruud Olsen frå Ålesund,-far min, Petter O. Søvik (f.1905). Dei held son til Edvard mellom seg, han heitte Eilert. Edvart var ein ivrig friluftsman og bærplukkar, og var i Søvika i ferietida både før, under og etter krigen med familien sin. På folkemunne vart han berre kalla "Blåbær-Olsen". I bakgrunnen: Klokksnakken og Ramstadfjellet. (Lokal registrering: Torkjell Søvik: 28.01.2002.)

 
 
FAKf-0545.00004 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:52
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0545.00004 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Gravferd, gravfølgje, gruppeU30, likkiste, hus,

Kommune: Sykkylven Datering: 1949-1949
Distrikt: Søvikdal Format: 8.0 x14.0cm
Adresse: Vindsnes Tilstand: Nokså bra, men
Gnr.: 72.000 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942
Informant: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942

 

Biletet er teke på gravferdsdagen til Lars Olaus Larsen Vindsnes (f.1871). Samla rundt båra: Næraste familie, skyldfolk og bygdefolk. Vindsnesgarden ligg 1 km. nord for kaia i Søvika, så båra måtte køyrast med hest og vogn etter ein smal kjerreveg til kaia. Vidare med båt over fjorden til Ørkog kyrkje der jordfestinga føregjekk. Garden vart fråflytta ca. 1960, husa brann ned i 1963.(Etter lynnedslag.)(Lokal registrering: Torkjell Søvik 28.01.2002.)

 
 
FAKf-0545.00005 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:55
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0545.00005 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Familie, gruppeU12, bygning, trapp,

Kommune: Sykkylven Datering: 1930-1935
Distrikt: Søvikdal Format: 6.0 x10.5cm
Adresse: Søvik -Øvre Tilstand: Nokså bra
Gnr.: 67.002 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942
Informant: Søvik, Torkjell Gardbrukar f.1942

 

Biletet er teke framfor stova i Øvre Søvika. Personane er: Framme frå venstre, Karen Josefine og Ole Andreas Søvik, Hans Jordskar og kona Karen Sofie f. Søvik. Bak frå venstre: Petter Severin Olsen Søvik, Oluffa og Olga Jordskar, Anna Vindsnes f. Søvik, Petter Vindsnes. Dei tre jentene i midtrekka er ukjende. På troppa Klara Søvik f. Løvold.(Lokal registrering: Torkjell Søvik 28.01.2002.)

 
 
FAKf-0546.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 20:59
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0546.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Slåttonn, høyonn, gruppeU5, hest, kjerre,

Kommune: Sykkylven Datering: 1930-1930
Distrikt: Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Hjortdalsgjerdet Tilstand: Bra
Gnr.: 27.000 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ukjend
Eigar: Øvergård, Oddhild Ekspeditør f.1938
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

 

Høyonn i Hjortdalsgjerdet omkring 1930. Framme frå venstre: Selmer Grebstad, Hjørdis Grebstad, Klara Voldstad, Hulda Flem. I høylasset: Kjøpmann Johan Grebstad saman med son til Hulda, Ola Flem. I tillegg til gardsdrifta dreiv Johan Grebstad skomakarverksemd, bakeri og landhandel i Hjortdalsgjerdet frå omkring hundreårsskiftet og fram til 1930-åra. Då var det dottera Hjørdis som etter kvart tok meir og meir over landhandelen. Hjørdis døydde i 1946, og då vart det Hulda og sonen Ola som tok over. Dei to sistnemnde sette opp forretnings- og bustadhus
att med Bedehuset i 1949 og flytta landhandelen dit med namnet Joh. Gredstad Eftf. Denne butikken vart driven fram til midten av 1990-åra, siste åra med Oddveig Ånes som dagleg leiar. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.)

 
 
FAKf-0546.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 21:02
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0546.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Barnelosje, gruppeU32, vatn, tre, landskap, 17. mai,

Kommune: Sykkylven Datering: 1944-1944 17.05.
Distrikt: Format: 6.0 x9.0 cm
Adresse: Sæssvatnet Tilstand: Bra
Gnr.: 39.000 Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Ekornes, Leif Pensjonist, økonomisj. f.1919
Eigar: Øvergård, Oddhild Ekspeditør f.1938
Informant: Hole, Jon Rådgjevar, pensjonist, f.1930

 

17. mai 1944, tok forstandar Leif Ekornes barnelosjen "Ekorn von" på tur til Sæssvatnet. Det var ulovleg å bruke flagg, men likevel sette han til eit lite i marka framføre oss, før han tok biletet. Dei som var med: Bakerste rekke: Oddrun Bolstad, Annlaug Hole, Liv Utgård, Oddlaug Tandstad, Haldis Tandstad, Eldbjørg Midtbust, Norunn Sjøholt, Jofrid Jarnes, Magnhild Sætre, Oddrun Jarnes, Knut Stave, Petter Riksheim, Sigmund Hustad, Olav Hole, Ragnar Pedersen, Arne Stave, Bård Hole, Arvid Bolstad og Nordalf Stave. Midten: Anne Sætre, Herdis Riksheim,
Oddhild Emdal. Framme: Borgny Bolstad, Lindis Fredriksen, Elsa Marie Volle, Oddhild Volle, Håkon Emdal, Bård Stave, Ole Sætre, Torleif Tandstad, Knut Riksheim og Tomas Stave. Sjå eiga namneliste. (Lokal registrering: Jon Hole 08.02.2002.)

 
 
FAKf-0547.00001 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 21:04
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0547.00001 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Skirenn, snø, ski, hus, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1955
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Straumgjerde Tilstand: Nokså bra,
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956

Informant: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923

 

Årvisse skirenn i Straumgjerde, her bilete frå ca. 1950. Lagsrenn for Ringen. Det var her høve til å ta skimerket. Som regel starta skirennet ved ungdomshuset Vårvon. Dei gjekk til Andersgjerdet, idrettsplassen ut Bakkane og ellendlemane, vidare til tuene og attende. Dalseth-huset og Hotel Strømsheim i bakgrunnen. (Lokal registrering: Eldar Høydal 08.02.2002.)

 
 
FAKf-0547.00002 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 21:07
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0547.00002 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Fabrikkbygning, lastebil,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1955
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Straumgjerde Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923

 

Fabrikken til Hj. Brunstad i Straumgjerde omlag 1950. (Lokal registrering: Eldar Høidal 08.02.2002.)

 
 
FAKf-0547.00003 Skriv ut E-post
Skrive av Administrator   
tysdag 01. april 2008 21:10
* * * F O T O K O R T * * *

FAKf-0547.00003 Type: Positiv s/kv m. sølv

MOTIV: Fabrikkbygning, fjøre, fjell,

Kommune: Sykkylven Datering: 1948-1955
Distrikt: Format: x cm
Adresse: Straumgjerde Tilstand: Bra
Gnr.: Klausul: Ingen
Reg.: 21.02.2002 MHU

Fotograf: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923
Eigar: Høidal, Eldar Historikar f.1956
Informant: Straumsheim, Olav Møbelsnekkar f.1923

 

Emco-fabrikken i Straumgjerde ca. 1950. (Lokal registrering: Eldar Høidal 08.02.2002.)

 
 


Side 1 av 2
Du er her  : Velkommen Serie 6

Siste kommentarar: