|
Skrive av Per Arne Aursnes
|
|
onsdag 09. april 2008 18:34 |
Her vil vi prøve å gjere det lettare å finne fram til noko av det som er innafor interessefelta til sogenemnda. I Fylkesfotoarkivet er det samla og katalogisert utruleg mange foto.
Vel Fylkesfotoarkivet under Eksterne ressursar. Vel kommune (Sykkylven) og (søk). Vel Gå til album – Det dukkar då opp 420 fotos fordelt på 47 sider. Du kan velge mellom Medels eller Stort bilete. Klikkar du på biletet vil du få opplysningar . Dersom du vel kulturnett.no finn du 102.159 stadnamn som er registrerte frå Møre og Romsdal. Frå Sykkylven 4887. Mange kommunar har fått sine stadnamn registrerte på det digitale kartverket. Vi bør arbeide for at Sykkylven også får dette gjort med det fyrste. Sogenemnda si datamaskin m/scanner. Sykkylven sogenemnd har ei datamaskin ståande i lesesalen på biblioteket. Ein god scanner for bilde og dias er tilkopla maskina. |  | Medlemmer frå Sykkylven Slektsforum har lagra mykje data her. Tanken var å bygge opp eit dataarkiv etter ein gjennomtenkt arkivnøkkel, men så langt kom vi ikkje. Likevel finn du lett fram til både tekst, bilde og lydfiler. (Ta kontakt med tilsette på biblioteket for passord).
|  Webdesigner Oddvar Aursnes, nr to frå høgre, viser medlemer i Sykkylven sogenemnd korleis heimesidene til sogenemnda kan utnyttast. Frå venstre Stein Arne Fauske, Tor Willy Strømme, Oddvar Aursnes og Eldar Høidal. April 2008.
|
|
Sist oppdatert ( mandag 26. mai 2008 16:53 )
|