|
Flyfoto frå Sykkylven 1962.
Velkomen til heimesida til Sykkylven sogenemnd. Gjennom denne sida ønskjer vi å gje inspirasjon og kunnskap til alle som vil bli nærare kjent med Sykkylven i nær eller fjern fortid. Vi vonar at du vil finne noko av interesse her anten du først og fremst er interessert i å finne informasjon om eiga slekt, eller om du søkjer generell informasjon om utviklinga av sykkylvssamfunnet. Sykkylven sogenemnd har opp gjenom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Nokre av bøkene er utselde og dei vil du finne her på sida vår. Andre kan du kjøpe gjennom den lokale bokhandelen.
No i desse dagar arbeider sogenemnda for å oppdatere informasjonen som finst i gardssogene band 3 og 4. Vi har sendt ut spørjeskjema til alle husstandane i Søvikdalen, Ramstaddalen og Sørestranda og mange har sendt informasjon tilbake. Men særleg for Sørestranda manglar vi enno mange opplysningar. Difor har vi no søkt kommunen om midlar til å finansiere ein prosjektmedarbeidar som kan stå for innhenting av restinformasjonen og utforming av eit manus; Nye slekter bd 3 og 4.
|
|
|
Eksterne ressursar
Kven er online?
Vi har 1 gjest her no