Om Sykkylven sogenemnd

Sykkylven sogenemnd er ei kommunal nemnd med fem medlemer valde av kommunestyret. Nemnda er ansvarleg for utgjeving av kommunen sine gards- og bygdesoger og gjev elles ut andre lokalhistoriske bøker. Kvart år sidan 1992 har nemnda gjeve ut Årbok for Sykkylven.

Sykkylven sogenemnd heitte tidlegare Sykkylven bygdesoge- og museumsnemnd. Dei siste åra er det arbeid med diverse skriftlege publikasjonar som har stått i fokus. Vi har også interessert oss for den rike biletskatten som finst i private heimar her i kommunen. For nokre år sidan skjedde det eit innsamlingsarbeid som Jon Hole tok initiativet til. Dette vart gjennomført i eit samarbeid med Sykkylven Slektsforum, Fylkesfotoarkivet og kulturkontoret i Sykkylven kommune. Desse bileta er no lagra og til sals i Fylkesfotoarkivet.

Sykkylven sogenemnd ønskjer å skape interesse for dei lange linjene i lokalhistoria. Difor har nemnda gjennom fleire år vore ein pådrivar for å få synleggjort dei forhistoriske funna på Auremarka ved kommunesenteret. Her har det kome opp informasjonstavler som informerer om meir ein 4000 års samanhenga busetnadssoge på Aure. Det vert no arbeidd for å lage ein rekonstruksjon av eitt eller fleire av husa det er funne spor etter på Auremarka.

Siste bokprosjektet til sogenemnda var ei minnebok for dei som har kome tilflyttande til Sykkylven. Nokre år tidlegare gav vi ut barndomsminneboka Senti over. Denne boka vart altså følgt opp med Innflyttarboka.

 

Skrive av Eldar Høidal