Mot Aure

 

 

 

 

Fotoarkivet Publikasjonar

Velkomen til heimesida til Sykkylven sogenemnd. 

Gjennom denne sida ønskjer vi å gje inspirasjon og kunnskap til alle som vil bli nærare kjent med Sykkylven i nær eller fjern fortid. Vi vonar at du vil finne noko av interesse her anten du først og fremst er interessert i å finne informasjon om eiga slekt, eller om du søkjer generell informasjon om utviklinga av sykkylvssamfunnet. Sykkylven sogenemnd har opp gjenom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Nokre av bøkene er utselde og dei vil du finne her på sida vår. Andre kan du kjøpe gjennom den lokale bokhandelen.

På sida her finn du link til nettportalen www.lokalhistoriewiki.no. Det er Norsk lokalhistorisk institutt som står bak denne portalen, og her kan alle lokalhistorisk interesserte personar i Noreg leggje ut artiklar om personar, bedrifter, organisasjonar, hendingar m.v. som dei kjenner til. Dette er ein lokalhistorisk dugnad som har resultert i mange tusen artiklar frå heile landet. Sykkylven sogenemnd er med på dugnaden. Vi har oppretta Sykkylven leksikon der vi legg ut artiklar om smått og stort vedkomande Sykkylven i fortid og samtid. Vi vil gjerne ha med deg i dugnadslaget. Send til oss artiklar om lokale tema som opptek deg, eller registrer deg som brukar og legg artiklane inn sjølv.

Hugs å nytte kategorien «Sykkylven leksikon» på lokalhistoriske artiklar frå denne kommunen.

Eldar Høidal

Innsendte bilde

Bunadsdamer

Bunadsdamer Dette bilde må, vere teke ved ei spesiell anledning. Den bunadskledde dama nr 2 frå, venstre er Klara Grebstad, gift Aursnes. Dama til høgre i bildet er Josefine (Jossa) Fauske, gift Lillevik. Er det nokon som kjenner dei andre? Innsendt av Per Arne Aursnes

Bilde frå Minnesota

Bilde frå Minnesota Er det nokon som kjenner att denne familien? Biletet er teke i eit fotostudio i USA, i Minnesota i Midtvesten, og viser ein barnerik familile. Er dette nokre som har vandra ut frå Sykkylven? Det var Halvard Langeland som gav biletet til sogenemnda. Korkje han eller far hans, Per Langeland, kunne identifisere personane. Kan du? Innsendt av Eldar Høidal

Syforeinings-damer

Syforeningsdamer Biletet av desse unge syforeinings-damene i Fosnavåg er teke kring 1920. Er det nokon som veit kven kvinna til høgre er?

Bilde frå Hans Strømmegjerde

Bilde nr. 1Bilde nr. 2Bilde nr. 3Bilde nr. 4Bilde nr. 5Bilde nr. 6Bilde nr. 7Bilde nr. 8Bilde nr. 9Bilde nr. 10Bilde nr. 11Bilde nr. 12Har du aktuell informasjon? Legg gjerne inn din kommentar i skjemaet nedanfor med referanse til bildenummeret.
Fotoarkiv

Populære nedlastingar